Skriv ut
uten-navn-1.gif

Kontrakt og Korona 2.0

NB! Webinaret er flytta til rett over påske.

På grunn av at mange avviklar ferie denne veka utset vi vårt planlagde webinar til like over påske slik at så mange som mogleg kan få dette med seg.

 Nytt tidspunkt er onsdag 15. april frå kl 1000 til 1045.

 Tema for webinaret er «Statens økonomiske redningspakker» v/ Marit E. Kirkhusmo og «Inngåelse og oppfølging av leverandørkontrakter under koronakrisen» v/ Lars B. Andersen.

 Påmelding her innen tirsdag 14. april kl 1600.

Litt informasjon om foredragshaldarane:

 Marit E. Kirkhusmo er advokat og partnar i SANDS og har 20 års erfaring innanfor områda shipping, offshore og finansiering. Ho er anerkjent både nasjonalt og internasjonalt for sin kompetanse og bistår med eit bredt spekter av saker innanfor desse områda, til dømes transaksjonar som kjøp og sal, "sale leasebacks" og bygging av skip, finansiering, restrukturering og M&A, samt generell rådgjeving og tvisteløysing.
Marit har frå tidlegare også mange års kommersiell erfaring frå konsernleiing i rederiverksemd og styreerfaring frå offentlege og private verksemder.

Lars Berge Andersen er advokat og partnar i SANDS og leier avdelinga for Energi, Shipping & Offshore. Han er rangert som Noregs fremste advokat innan offshore og oljeservice og er ein av Noregs to mest internasjonale advokatar.
Berge Andersen har lang og omfattande erfaring frå rådgiving retta mot nasjonal og internasjonal olje, offshore og shippingverksemd samt nasjonale og internasjonale handels- og industriforetak. Han har også tung og operasjonell leiarerfaring frå både oppgangs- og nedgangstider gjennom rollene som VP & Head of Legal i Aker Solutions ASA og Chief Administrative Officer & General Counsel i MHWirth (Aker Group).

MAFOSS, ÅKP og våre venner i SANDS ønsker god påske og velkomen tilbake til webinar onsdag 15. april.
 
Påmelding her.

Det vil for øvrig bli høve til reprise av Oddbjørn Slinning og Aksel Hageler sitt innlegg frå første Webinar i denne serien for dei som ønsker dette. Vi kjem tilbake med nærare informasjon om tidspunkt og påmelding.