mafoss_logo_high_res.png
Menu
mafoss_logo.png

gruppe_1579.jpg

Hafast og Møreaksen

Som ein del av arbeidet med promotering av Møreaksen og HAFAST, var ein delegasjon frå Møre og Romsdal i møte med samferdsleminister Jon Georg Dale i Oslo mandag 4. mars.

På dagsorden sto oppdaterte planar og oversikter, inklusive nye og svært positive  kostberekningar frå Statens Vegvesen, samt innspel inn mot vidare effektuering av planane ift NTP. Næringsrganisasjonar, bransjeorganisasonar, næringsliv og politisk liv var med i møtet som var eit sterkt signal frå Møre og Romsdal om at vi treng iverktsetting av planane snarast råd.
Til Romsdals Budstikke seier Jon Georg Dale: "– Det har vært et veldig bra møte, der vi har fått gode innspill både fra fylkesordfører Jon Aasen, fra regionene og ikke minst fra næringslivet."

MAFOSS stilte med styreleiar Magne Gurskevik og konstituert dagleg leiar Jan Thormodsæter.

Siste nytt
Hafast og Møreaksen
Hafast og Møreaksen
Som ein del av arbeidet med promotering av Møreaksen og HAFAST, var ein delegasjon frå Møre og Romsdal i møte med samferdsleminister Jon Georg Dale i Oslo mandag 4. mars. På dagsorden sto oppdaterte planar og oversikter, inklusive nye og svært positive  kostberekningar frå Statens Vegvesen, samt innspel inn mot vidare effektuering av planane ift NTP. Næringsrganisasjonar, bransjeorganisasonar, næringsliv og politisk liv var med i møtet som var eit sterkt signal frå Møre og Romsdal om at vi treng iverktsetting av planane snarast råd.
Til Romsdals Budstikke seier Jon Georg Dale: "– Det har vært et veldig bra møte, der vi har fått gode innspill både fra fylkesordfører Jon Aasen, fra regionene og ikke minst fra næringslivet."

MAFOSS stilte med styreleiar Magne Gurskevik og konstituert dagleg leiar Jan Thormodsæter.
05.03.19 12:07
Linblad vil ha meir
Linblad vil ha meir
Linblad skal bygge meir hos Ulstein:
Ulstein Group skal byggje eit polarskip nummer to for Lindblad Expeditions Holdings, Inc. Lindblad sin polarflåte aukar då til fire. MAFOSS gratulerer!! 

 Lindblad bestiller nytt cruiseskip frå Ulstein Ulstein Group skal byggje eit polarskip nummer to for Lindblad Expeditions Holdings, Inc. Lindblad sin polarflåte aukar då til fire. Lindblad Expeditions Holdings, Inc. er ein verdsleiande leverandør av ekspedisjonscruise og opplevingsreiser. Reiarlaget har frå før ein skipsbyggingskontrakt på plass ved Ulstein Verft. Skip nummer éin, ‘National Geographic Endurance’ skal leverast i første kvartal 2020. - Vi er svært nøgde med at Lindblad, ein verdsleiande aktør innan ekspedisjonscruise, igjen har valt Ulstein som designar og byggjar av det nye ekspedisjonscruiseskipet deira. Dette er ei tillitserklæring til alle våre tilsette, seier Ulstein sin konsernsjef, Gunvor Ulstein. Ho held fram: - Lindblad er ein kompetent og erfaren kunde, og vi ser fram til eit fortsatt godt og konstruktivt samarbeid med dei. Fartøyet blir bygd ved Ulstein Verft i Ulsteinvik, og er planlagt levert i tredje kvartal 2021. Polarskipet er systerskip til ‘National Geographic Endurance’, og har den høgaste isklassa (PC5 Category A) som har blitt tatt I bruk for spesialbygde passasjerfartøy, Det er utstyrt med Ulstein sin X-BOW®, som gir ei jamn og komfortabel reise sjølv ved høg sjø i mot, noko som også fører til auka drivstoffeffektivitet og reduserte utslepp. - Det er svært spennande å kunngjere neste fase i vekststrategien vår, seier Sven Lindblad, som er president og konsernsjef i Lindblad, og held fram:  - ‘National Geographic Endurance’ byr på heilt unike reiseruter som følgje av eigenskapane til skipet. Fartøyet har blitt møtt med stor spenning både frå passasjerar som har reist med oss før, og frå dei som er nye for Lindblad-National Geographic, og vi er sikre på at systerskipet hennar vil bli møtt med den same entusiasmen i marknaden. Desse to skipa representerer eit heilt nytt nivå på yteevna innan ekspedisjonscruise, både når det gjeld komfort for passasjerane, når det gjeld kva regionar og ruter dei er i stand til å trafikkere, og evna til å kunne fungere som vitskapsplattformer i nokre av dei fjernaste og mest urørte delane av verda. Som systerskipet vil det nye skipet ha plass til 126 passasjerar i 69 romslege lugarar og suiter, og er designa for at gjestane skal kunne ha nær kontakt med naturmiljøet og vere ei ultimat plattform for utforsking. 75 prosent av lugarane har balkongar der ein kan nyte utsikta, der er fleire observasjonsdekk både inne og ute, og observasjonsvingar, noko som gjer at det omliggande miljøet til ei kvar tid vil vere tilgjengeleg. Ekspedisjonar ut frå skipet er forenkla gjennom eit innovativt festesystem for gummibåtar, noko som gir rask og trygg tilgang til ein kvar destinasjon. Skipet har eit breitt utval av ekspedisjonsmateriell, til dømes kajakkar, langrennsski, ein fjernstyrt miniubåt, undervassmikrofonar, eit videomikroskop, undervassvideokamera med meir. -Vi er begeistra over å annonsere bygginga av dette spennande nye skipet, seier Nancy Schumacher, viseadministrerande direktør innan reiseaktivitetar i National Geographic Partners. - Dette er eit nytt eksempel på suksessen og den pågåande ekspansjonen i partnarskapen mellom National Geographic og Lindblad. Om Lindblad Expeditions Holdings, Inc. Lindblad Expeditions Holdings, Inc. er eit selskap som tilbyr ekspedisjonsreiser, og samarbeider med National Geographic for å inspirere folk til å utforske og bry seg om planeten. Gjennom dette samarbeidet vert det laga marine ekspedisjonsprogram som skal fremje naturvern og berekraftig turisme. Reisene er pedagogisk orienterte, der gjestane får møte og lære av leiande forskarar, samtidig som dei utforskar fantastiske naturmiljø både over og under sjøen ved bruk av toppmoderne ekspedisjonsmateriell. Om Ulstein Group  ULSTEIN har om lag 600 tilsette og har hovudkontor i Ulsteinvik. ULSTEIN leverer produkt og tenester innan skipdesign, skipsbygging og utstyrspakkar til den internasjonale marknaden. I 2017 feira selskapet sitt 100-årsjubileum. Gjennom eit hundreår har dei skapt morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar saman med sine partnarar.  Ulstein Verft har til saman bygd over 300 skip, meir enn 100 skip frå Ulstein Group er levert med X-BOW®. Om National Geographic Partners LLC National Geographic Partners LLC (NGP) er eit samarbeid (joint venture) mellom National Geographic og 21st Century Fox. Dei har som målsetting å tilby vitskap, forsking, eventyr og utforsking på tvers av sine mediekanalar, som kvar månad når meir enn 760 millionar menneske i 172 land. NGP yter 27 prosent av inntektene sine til nonprofitt-selskapet National Geographic Society for å finansiere arbeid innan vitskap, utforsking, naturvern og utdanning.   https://ulstein.com/news/2019/lindblad-bestiller-nytt-cruiseskip-fra-ulstein
28.02.19 15:11
Ny kontrakt til UDS
Ny kontrakt til UDS
Ulstein Design & Solutions har fått kontrakt på fjerde cruiseskip for SunStone. MAFOSS gratulerer! Reiarlaget SunStone Ships har signert sin fjerde skipbyggingskontrakt på eit ekspedisjonscruiseskip i Infinity-serien.
Fartøyet, som skal byggast på CMHI-verftet i Kina, er eit CX103-design med X-BOW® og er designa av Ulstein Design & Solutions AS. Designkontrakten for SunStone Ships var den første cruisekontrakten for Ulstein, eit skipsdesignselskap med lang erfaring frå offshoreindustrien. Den patenterte skipsbaugen, X-BOW®, vart opphavleg utvikla for eksepsjonelt gode sjøeigenskapar ved tøffe vêrforhold, men har også ein fordel ved at han gir meir plass i baugområdet. Denne ekstra plassen har på dette skipet blitt utnytta til romslege salongar med eineståande utsikt. Designa for luksusturar Vantage Cruise Line har chartra det fjerde fartøyet, "Ocean Explorer", og har til no planlagt cruise til stader som søraust-Asia, Middelhavet og Skandinavia. Infinity Class-fartøya er 104,4 m lange og 18,4 m breie. Dei har passasjerkapasitet på 130-200, og mannskapskapasitet på 85-115. Skipet er lite nok til å gi ei eksklusiv atmosfære, og stort nok til å kunne by på det meste av forventa tenester og fasilitetar, mellom anna jacuzzi, bar og restaurant, boutique, utandørskino, treningsstudio og spa. Skipet har mykje utstyr for utandørsaktivitetar, til dømes syklar, padlebrett og kajakkar, og små ilandsettingsfartøy. Interkontinentalt samarbeid Infinity-prosjektet er eit samarbeid over landegrenser, der reiarlaget, chartraren og interiørdesignarane held til i USA, skipsdesignet er utvikla I Noreg, og skipsbygginga går føre seg i Kina. Det første fartøyet i denne serien på potensielt ti skip, “Greg Mortimer", er i sluttfasen før planlagt levering i 3. kvartal 2019.
27.02.19 15:07
Levering frå Kleven
Levering frå Kleven
Siste båt i serien er levert til Maersk 14. februar. MAFOSS gratulerer med gjennomført serie på til saman seks skip.

No er heile Starfish-flåten komplett.
Mærsk Maker vart levert frå Kleven 14. februar 2019. Dette er den sjette og siste av ein serie på seks ankerhandterarar til Maersk Supply Service A/S. Bygd for operasjon på store havdjup er den såkalla M-serien utstyrt med ei rekkje nyvinningar, noko som har gitt dei eit godt rykte i den globale marknaden.
Mærsk Maker vart døypt under ein seremoni på kaia ved Kleven Verft, med Rikke Eskjær som gudmor. Fartøyet vil forlate Kleven like over helga med kurs for Aberdeen, og spot-marknaden i Nordsjøen. Uttale frå konsernsjefane
Olav Nakken, konsernsjef i Kleven Verft AS, er godt nøgd både med prosjektet og samarbeidet som vi har hatt med Maersk: - Det er stor stas at vi no leverer frå oss det sjette søsterskipet i Starfishserien. Prosjektet har vore viktig både for Kleven og for alle underleverandørar som har vore involvert. Maersk er ein kvalitet- og sikkerheitsbevisst kunde som vi har lært mykje av, særleg i samband med HMS og igangsetting av maskinerisystem, seier Nakken og held fram: - No når Starfishflåten er komplett, tek vi eit farvel med Maersk for denne gang, og ønskjer dei velkomne tilbake!
- Heilt frå leveringstidspunktet har M-klasse-serien, nokon av dei nyaste fartøya som opererer i olje-service industrien, vist sine avanserte eigenskapar og store kapasitet. Fartøya leverer imponerande resultat innan ei rekke tenester, og vi har mottatt positiv tilbakemelding frå våre kundar over heile verda, seier konsernsjef Steen S. Karstensen, Maersk Supply Service.
Fakta om Mærsk Maker
Mærsk Maker er av typen Salt 200, og har eit ope dekksareal på meir enn 800m2, med 102m2 overbygd dekksareal i tillegg. Ho er også utstyrt med ankerhandteringsvinsj på 450 tonn. Denne er plassert i ei lukka garasje slik at mannskap og utstyr er verna for dei røffe omgjevnadane fartøyet tidvis opererer i. Mærsk Maker har isklasse, og er også klargjort for ROV-operasjonar og oljeoppsamling. Trekkrafta til fartøyet er målt til 260 tonn. For meir informasjon, kontakt:
Olav Nakken, konserndirektør Kleven – mobil 916 30116 Om Kleven
Kleven har levert over 100 avanserte fartøy for norske og internasjonale kundar siden 2014. Etter ei utfordrande periode i kjølvatnet av nedgangen i offshore-sektoren, er verftet no eigd av Hurtigruten, og har for tida to hurtigruteskip under bygging. Det ligg også føre intensjonsavtale om bygging av eit tredje hurtigruteskip.
15.02.19 08:22
Myklebust leverer
Myklebust leverer
To ferger levert på to dagar! Myklebust verft leverer topp moderne miljøferger til nøgd kunde.
MAFOSS gratulerer med overlevering og vel gjennomført oppdrag.To miljøferjer levert frå Myklebust Myklebust Verft har no levert to nye plug-in hybridferjer til FosenNamsos Sjø. Kontrakten blei inngått i november 2016. Bygg 390 – Lagatun - blei overlevert torsdag 29. november og bygg 391 – Munken - i dag fredag 30. november. Begge ferjene skal settast inn i sambandet Flakk – Rørvik frå 01. januar 2019. - Med bygginga av desse fartøya har Myklebust sin stab og våre underleverandørar levert eit produkt som miljømessig har dei aller nyaste og beste løysingane, seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide i Myklebust Verft. - Ferjene vil i stor grad få all straum frå kraftige landbaserte hurtigladestasjonar som vil levere 4,5 megawatt, seier Øyvind Sandvik og Tor Inge Nordmo som har vore prosjektleiarar frå verftet. Det er Siemens si ny-utvikla batteriløysing som er valt både om bord i ferjene og til ladestasjonane på Flakk – Rørvik. I tillegg har ferjene, som er designa av Multi Maritime i Førde, moderne lav-utslepp dieselaggregat om bord. Kapasiteten er 130 personbilar og 399 passasjerar som har tilgang til ein 360 graders panoramasalong under overfarten. Mellom innovasjonane om bord er også navigasjonssystemet Autocrossing frå Rolls-Royce. Systemet bidreg til lavare energiforbruk gjennom å analysere ytre omgjevnader og sørge for best muleg energioptimal overfart. Straks veret tillet det vil ferjene sette kursen mot Trondheim. - Vi gled oss til å ta imot passasjerane om bord i Lagatun og Munken som med sine hybridløysingar vil vere utgjer eit teknologisk vendepunkt innan norsk ferjedrift, seier Adm. Direktør Grete Fuglem i FosenNamsos Sjø. FNS vann i si tid anbodskonkurransen som oppdragsgjevar ATB lyste ut for sambandet.
30.11.18 14:43
Kroner til IT-satsing
Kroner til IT-satsing
Ulstein Kommune er ei av kommunene i fylket som får støtte fra regjeringa til satsing på kompetanseheving innan programmering.
Pengane skal gå til utstyr slik at lærarar som har fått kompetanseheving og vidare utdanning innan programmering skal kunne nytte riktig utstyr når dei underviser.
Ulstein Kommune i fleire år har satsa bevisst på arbeid med koding og programmering, og er mellom dei fremste kommunene i denne satsinga pr i dag. Arbeidet og ideane får grunnskulen i Ulstein vert etter kvart også vidareført til å etablere faglinjer ved Ulstein vidaregåande skule. Dette får ein til ved at sentrale lærarkrefter i Ulstein er ansatt der for å ta arbeidet med programmering til neste nivå. MAFOSS gratulerer med støtta, og oppfordrar andre kommuner til å satse tilsvarande.  Les meir.
12.11.18 09:01
Heidra under Verftskonferansen
Heidra under Verftskonferansen
Eirik Berge Sæther fekk ei hyggeleg overrasking under verftskonferansen 2018 då han som ein av totalt to fekk skipsbyggarprisen til Norsk Industri. Svært triveleg å sjå at TAF-ingeniørane framleis vert sette pris på  i bransjen. Vi gratulerer Eirik med prisen! 
08.11.18 15:13
Meir Cruise frå Ulstein
Meir Cruise frå Ulstein
Tredje ekspedisjonscruiseskip for Ulstein ved CMHI Nyleg erklærte reiarlaget SunStone Ships den første opsjonen i INFINITY-klassen av Ulstein-designa ekspedisjonscruiseskip. Reiarlaget har no erklært opsjon nummer to. Totalt er dermed tre skip basert på designet CX103 under bygging for SunStone ved CMHI-verftet i Kina. MAFOSS gratulerer! I 2017 inngjekk SunStone Ships ein kontrakt på eitt skip og ni opsjonar på leveransar av design for ekspedisjonscruiseskip og utstyrspakkar frå Ulstein. Alle dei ti fartøya er ein del av SunStone Ships sin serie av fartøy i INFINITY-klassen. Med denne erklæringa vil dermed CMHI-verftet (China Merchants Heavy Industry) i Kina bygge tre ekspedisjonscruiseskip basert på Ulstein-design. Ulstein sin kontrakt er med verftet. SunStone Ships har signert ein langsiktig charterkontrakt med Victory Cruise Lines på dette tredje fartøyet, som vil bere namnet 'Ocean Victory'. Nybygget vil bli levert i mars 2021. SunStone sin president og konsernsjef, Niels-Erik Lund, seier: - Vi er nøgde med at skipa i INFINITY-klassen har vorte tatt inn i marknaden så raskt. Det ser ut til at europeisk design og teknologi, kombinert med lavare samla driftskostnader, har truffe blink i marknaden for denne typen skip. - Vi er svært fornøgde med arbeidet som SunStone Ships har lagt ned for å finne cruiseoperatørar til desse fartøya, og er overtydde om at dei kjem til å få realisert alle dei ti skipa i serien, seier Tore Ulstein, visekonsernsjef i Ulstein Group og leiar for forretningsområdet Design & Solutions. - Vi har eit tett samspel med dei involverte partane, og ser fram til eit vidare godt samarbeid på neste fartøy. Ulstein Design & Solutions har designa skipet, og er også ansvarleg for utstyrsleveransane, der alt hovudutstyr er basert på utprøvd teknologi og frå anerkjende europeiske produsentar. Tillberg Design USA har ansvaret for interiørdesignet, medan Makinen har oppgåva med å bygge opp alle innvendige rom. Det er ikke berre X-BOW® som gjer at skipet skil seg ut. Totalløysinga er designa for å maksimere kvalitetsopplevingane innandørs og naturopplevingane utandørs. Observasjonsdekk og balkongar gir god utsikt til naturomgjevnadene. Baren og restauranten serverer delikatessar og forfriskingar gjennom heile dagen. Fasilitetane på skipet inkluderer tre restaurantar og ein open dekksrestaurant, observasjonssalong, forelesarsalong, pianobar, treningsrom og spa-fasilitetar, bibliotek, butikkar, omkledingsområde for gummibåtekskursjonar, 20 gummibåtar, svømmebasseng, boblebad og bassengbar. Det første skipet i INFINITY-klassen, ‘Greg Mortimer’, er planlagt å bli levert i august 2019. Det skal gå i oppdrag for Aurora Cruises i Australia. Skipa i INFINITY-klassen er 104,3 meter lange og 18,4 meter breie. "Ocean Victory" vil ha overnattingsplass for 100 mannskap og 200 passasjerar. Skroget får polarklasse PC6, polarkode Cat B, med dynamisk posisjoneringssystem og såkalla ‘nullfarts-stabilisatorsystem’.
07.11.18 08:39
Kleven med ny kontrakt
Kleven med ny kontrakt
Hurtigruten vil bygge meir på Kleven. Les meir her.
MAFOSS gratulerer med veldig kjekke nyhende! 
25.10.18 12:58
Nyskapingsdagen 2018
Nyskapingsdagen 2018
Endelig er det klart!
Sett av den 30. oktober på Quality Hotel Ulstein og meld deg på i linken her. Årets tema: Digitalisering. Høgst aktuelt for fleire, vil vi tru. Arrangørane er: ÅKP, hoppid.no, Ørsta næringskontor, Kulturnæringshagen, Vanylven Utvikling, Innovasjon Norge Les forøvrig meir om hoppid sine tilbod på www.hoppid.no  
19.10.18 09:55

gå til arkiv

Kurs for ansatte
Kurs for ansatte
Om du treng kurs for dine ansatte anbefaler vi at du sjekker linken til vår samarbeidspartnar Opplæring Vest.
I linken her finn du oversikt over dei kursa som er under planlegging framover.
01.03.19 11:10