mafoss_logo_high_res.png
Menu
mafoss_logo.png

framr.jpg

Endeleg flybuss!

Frå 23. august vil du kunne reise med buss heilt fram til Ørsta-Volda lufthamn, Hovden.
På dagtid vil ordinær rutebuss køyre innom flyplassen, medan det morgen, kveld og helg vil være mogleg å bestille transport. Bestillingstransporten er eit pilotprosjekt frå FRAM/ Møre og Romsdal fylkeskommune. 
-Det er svært gledeleg at dette kjem, seier Jan Thormodsæter i MAFOSS. -Men det er svært viktig at vi no bruker tilbodet slik at det går frå pilot til fast oppsett, seier han.

Frå Pressemeldinga:

Kollektivtilbod tilpassa alle flytider på Hovden frå 23. august
Frå 23. august 2021 blir det mogleg å reise kollektivt til og frå Ørsta-Volda Lufthamn, Hovden. Det blir ordinær bussteneste på dagtid og bestillingstransport morgon, kveld og helg. Bestillingstransporten går med drosje, men du betaler busstakst.

Rutebuss på dagtid på kvardagar
Det er lokalrutene 338 Volda-Ørsta-Ulsteinvik og 340 Ørsta-Volda som vil køyre til og frå flyplassen når det er bussavgangar som passar med flytidene.

 FRAM Svipp med drosje når det ikkje går buss – til busstakst
Til dei avgangane og ankomstane det ikkje går rutebuss, blir det mogleg å bestille FRAM Svipp, som er FRAM si nye ordning for bestillingstransport.

Med FRAM Svipp blir du henta heime og køyrt til flyplassen – eller frå flyplassen og heim, og du betaler det same som det ville koste å ta buss. Transporten går med drosje, og det kan vere fleire med i drosja. Du betaler til sjåføren.

- FRAM Svipp er eit nytt system for bestillingstransport som FRAM skal ta i bruk. Prosjektet ved Hovden er eit pilotprosjekt for å teste ut løysinga, seier Ingebjørg Nergaard, rådgivar i FRAM og prosjektleiar for pilotprosjektet. Vi har stor tru på at FRAM Svipp blir tatt godt imot og at fleire no vil velje å reise kollektivt til og frå flyplassen, held Nergaard fram.

Slik fungerer FRAM Svipp

Tilbodet blir tilgjengeleg for definerte, sentrumsnære soner i Ørsta og Volda kommune, d at plassen du skal køyrast frå eller til, må ligge innanfor dei definerte sonene. FRAM vil kome med nærare informasjon om sonene før oppstart 23. august.

Bestillingar må gjerast i Svipp-appen som blir tilgjengeleg kort tid før oppstart. For avgangar før kl. 9 om morgonen må du legge inn bestillinga seinast kl. 22 kvelden før. For andre avgangar må du bestille seinast 1 time før du vil bli henta heime når du skal køyrast til flyplassen. Når du bestiller, må du legge inn god nok tid til at du kan vere på flyplassen minimum 25 minutt før avreise. Viss du skal reise frå flyplassen og heim, må du bestille minimum 15 minutt før du vil reise.

Stor glede i kommunane over at tilbodet er på plass

- Vi er svært glade for å få på plass eit godt kollektivtilbod til Hovden, seier Sølvi Dimmen, ordførar i Volda. Kombinasjonen med vanleg buss og FRAM Svipp gir eit godt, heilskapleg tilbod til reisande til og frå flyplassen, avsluttar ho.

Det har vore eit godt samarbeid mellom kommunane Ørsta og Volda, Avinor og fylkeskommunen for å få til dette, og også Ørsta kommune, Avinor og store aktørar som Høgskulen i Volda er svært positive til den nye ordninga.

Siste nytt
Havvind for Olympic
Havvind for Olympic
Vi gratulerer MAFOSS-medlem Ulstein Group med flott kontrakt på inntil 4 nye havvindfartøy til Olympic. Dette er konstruksjonsstøttefartøy (CSOV) til havvindindustrien for bygging ved Ulstein Verft. Fartøya har hybrid batteriframdrift og er førebudde for metanol som mogleggjer nullutslepp. Dei er baserte på ULSTEIN SX222-designet med TWIN X-STERN frå Ulstein Design & Solutions AS. Kontraktane inkluderer vidare ein opsjon på to skip. Dette er fantastiske nyhende for heile verdikjeda innan maritimt på Sunnmøre og vi gler oss over å kunne ta med denne gladmeldinga inn i fellesferien!  
13.07.22 09:55
Fagleg frukostmøte
Fagleg frukostmøte
Ein god gjeng frå MAFOSS sine medlemsbedrifter møttest til frukost på Quality Ulstein hotel, og hadde deretter eit særs godt møte om ESG og Openheitslova på Skaparhuset 24. mai.
SANDS sine toppfolk Maria Elena Kvalen og Nicolai Skridshol forklarte og svarte på spørsmål frå deltakarane, og gjekk i gjennom detaljar på saker ein må ha klart og utfordringar som kjem. Mykje er klart, men med ei lov som skal i gang 1. juli er det framleis mykje som manglar, også frå det sentrale Norge. 
Vi takkar SANDS for samarbeidet om eit godt seminar og ser fram til vidare felles møteplassar. #sands #MAFOSS 
27.05.22 10:36
ESG og openheitslov
ESG og openheitslov
MAFOSS inviterer til frukostseminar 24. mai.
Sjekk program for seminar som mellom annatek opp ESG og openheitslov.
Topp fagfolk frå SANDS fortel om erfaringar og utfordringar, og det vert gode høve til dialog rundt tematikk. Sjå program i vedlegg her og meld deg på i dag.
04.05.22 12:34
Russland og handel
Russland og handel
Kva skjer med våre avtaler med selskap i Russland framover? Er det straffbart? Kor går eigentleg grensene for handel? Kva tenker andre i bransjen?

Mange opplever usikkerheit rundt eigne avtaler, sidan dei ofte fell lit utanfor det opplagte sanksjonsregimet som er lagt opp. Nokre opplever dette alt no, og andre ser at det kan bli utfordringar knytt til framtidig handel.

Fredag 1. april kl 12 til 14 får du oppdatering frå Espen Remme frå NHO på saker som går på handel med Russland, og du kan stille spørsmål rundt saker som berører di bedrift.

Vi serverer enkel lunsj og kaffi. Vi treng å vite kor mange som kjem, så meld deg på i dag via post@mafoss.no
28.03.22 10:25
Ekstreme utgifter
Ekstreme utgifter
Det blir store utfordringar framover når drivstoffprisane no skyt fart. MAFOSS meiner dette kan by på ein kjempesmell om ein ikkje får sett på avgiftspolitikken rundt drivstoff snarast. Vi har snakka med nokre av dei store transportørane og bekymringa er stor. Les meir om utfordringane dette gir i sak frå Sunnmørsposten her.

16.03.22 08:51
Siste om Ukraina
Siste om Ukraina
Her finn du reiseråd og diverse oppdatert informasjon om situasjonen i Ukraina.

02.03.22 08:54
NHO om Ukraina
NHO om Ukraina
Sjekk dagens webinar frå NHO om situasjonen i Ukraina her.
01.03.22 16:33
Myklebust leverer
Myklebust leverer
Vi gratulerer MAFOSS-medlem Myklebust verft med overlevering av den fjerde av totalt seks planlagde brønnbåtar til Sølvtrans. Sjå artikkel i Vestlandsnytt her.
24.02.22 12:46
Prodtex med nytt samarbeid
Prodtex med nytt samarbeid
ICT bestiller spesialkompetanse frå MAFOSS-medlem Prodtex for å produsert ein ny type tank. Vi gratulerer med spanande konsept og avtale! Les meir på nett.no
24.02.22 10:12
Storsatsing for kompetanse
Storsatsing for kompetanse
Sparebanken Møre og Fylkeskommunen inn som partnarar i kartlegging for framtidig kompetanseutvikling og ressursdeling.
18.02.22 10:59

gå til arkiv