
Kursveke 42
Vi minner om kursa i veke 42:
1) * Lovpålagd dagskurs i HMS for leiarar: Onsdag 14. oktober 0900 til 1400 inkl lunsj. Kurset kostar kun 300,- inkl lunsj for medlemer - litt meir om du ikkje er medlem.
2) * Lovpålagd HMS 40-timerskurs for verneombod. Samling torsdag 15. og fredag 16. oktober. Kurspris: Kontakt MAFOSS
3) Varme arbeider, måndag 12. oktober. MAFOSS-medlemspris. (Pris avhengig av antal påmeldte.)
4) Personløft, tirsdag 13. oktober. MAFOSS-medlemspris. (Pris avhengig av antal påmeldte.)
Ta kontakt snarast om du treng oppdatering av DIN kompetanse.
Covid19:
ALLE omsyn ift avstand og smittevern er sjølvsagt ivaretatt på kursa.
Vi fyl dei til ei kvar tid gjeldande reglar frå FHI.
Meir info og/ eller påmelding: Kontakt MAFOSS.

HMS 40-timerskurs
VI set opp 40-timerskurs i HMS veke 42.
Førebuing: Nettbasert dag ein og to.
Samling: Samling i klassroms dag tre og fire.
Oppgåve: Dag fem. Eige arbeid.
Stad: Ulsteinvik
Pris: MAFOSS-medlemspris.
Påmelding: post@mafoss.no

Kontrakt og Korona 2.0
NB! Webinaret er flytta til rett over påske.
På grunn av at mange avviklar ferie denne veka utset vi vårt planlagde webinar til like over påske slik at så mange som mogleg kan få dette med seg.
Nytt tidspunkt er onsdag 15. april frå kl 1000 til 1045.
Tema for webinaret er «Statens økonomiske redningspakker» v/ Marit E. Kirkhusmo og «Inngåelse og oppfølging av leverandørkontrakter under koronakrisen» v/ Lars B. Andersen.
Påmelding her innen tirsdag 14. april kl 1600.
Litt informasjon om foredragshaldarane:
Marit E. Kirkhusmo er advokat og partnar i SANDS og har 20 års erfaring innanfor områda shipping, offshore og finansiering. Ho er anerkjent både nasjonalt og internasjonalt for sin kompetanse og bistår med eit bredt spekter av saker innanfor desse områda, til dømes transaksjonar som kjøp og sal, "sale leasebacks" og bygging av skip, finansiering, restrukturering og M&A, samt generell rådgjeving og tvisteløysing.
Marit har frå tidlegare også mange års kommersiell erfaring frå konsernleiing i rederiverksemd og styreerfaring frå offentlege og private verksemder.
Lars Berge Andersen er advokat og partnar i SANDS og leier avdelinga for Energi, Shipping & Offshore. Han er rangert som Noregs fremste advokat innan offshore og oljeservice og er ein av Noregs to mest internasjonale advokatar.
Berge Andersen har lang og omfattande erfaring frå rådgiving retta mot nasjonal og internasjonal olje, offshore og shippingverksemd samt nasjonale og internasjonale handels- og industriforetak. Han har også tung og operasjonell leiarerfaring frå både oppgangs- og nedgangstider gjennom rollene som VP & Head of Legal i Aker Solutions ASA og Chief Administrative Officer & General Counsel i MHWirth (Aker Group).
MAFOSS, ÅKP og våre venner i SANDS ønsker god påske og velkomen tilbake til webinar onsdag 15. april.
Påmelding her.

Ekstra kompetansebehov?
ÅKP og MAFOSS set i gang ekstra tiltak for å bidra til kompetanseheving.
Tiltaka blir sett i gang snarast råd, etter at ein får inn behova frå næringa vi representerer.
Meld dine og bedrifta sine behov inn til oss, så blir tiltak vurdert løpande.

HAV-dagen 29. mai
Mobilisering til forskning og innovasjon i havnæringane
Den 29. mai inviterer Forskingsrådet til fagdag i Ålesund.
Arrangementet gir eit godt innblikk i kva som rører seg innan havnæringane pr i dag, og kva som skjer av satsing og forsking framover.
Eit rikhaldig program, gode foredragshaldarar, spanande nettverk. Treng du fleire grunnar til å melde deg på?
Ja, det er gratis..

Hafast og Møreaksen
Som ein del av arbeidet med promotering av Møreaksen og HAFAST, var ein delegasjon frå Møre og Romsdal i møte med samferdsleminister Jon Georg Dale i Oslo mandag 4. mars.
På dagsorden sto oppdaterte planar og oversikter, inklusive nye og svært positive kostberekningar frå Statens Vegvesen, samt innspel inn mot vidare effektuering av planane ift NTP. Næringsrganisasjonar, bransjeorganisasonar, næringsliv og politisk liv var med i møtet som var eit sterkt signal frå Møre og Romsdal om at vi treng iverktsetting av planane snarast råd.
Til Romsdals Budstikke seier Jon Georg Dale: "– Det har vært et veldig bra møte, der vi har fått gode innspill både fra fylkesordfører Jon Aasen, fra regionene og ikke minst fra næringslivet."
MAFOSS stilte med styreleiar Magne Gurskevik og konstituert dagleg leiar Jan Thormodsæter.

AutoPass
Mot løysing på utfordringane.
MAFOSS set pris på at høyringsrundene rundt innføring av AutoPass er tatt alvorleg av politikarane. Sjølv om vi ville hatt tilbake gamle takstsoner får vi seie oss nøgde med ein halv siger.

Digital strategi og ledelse
GCE Blue Maritime og NTNU inviterer til kurs i Digital strategi og leiing. Fullført kurs gir 7,5 studiepoeng og gir mellom anna ferdigheiter som omtalt i kursbrosjyra; "Etter fullført kurs skal deltaker kunne analysere og utvikle strategier for digitalisering av virksomheter, verdikjeder, Big Data og Internet of Things."
8. og 9. juni på Hotel Waterfront, Ålesund.
Pris for medlemmer i GCE eller MAFOSS; 9.900,- (Ordinært 17.500,-/25.000,-)
Program og påmeldingslink her.

Verdens beste fagarbeider?
På bestilling frå GCE Blue Maritime og MAFOSS har Fredrik Linge Klock skrive masteroppgåve om behovet for fagarbeidarar i framtida. Kva skal til for at vi skal ha dei beste, kva er det bedriftene eigentleg ser etter, og treng vi eigentleg fagarbeidarar? Du kan lese ein kronikk rundt tematikken i Sunnmørsposten mandag 6. februar.
Last i tillegg gjerne ned oppgåva nederst i denne artikkelen.
Temasamling:
GCE Blue Maritime og MAFOSS legg opp til ei samling i Ulsteinvik rundt tematikken den 24. mars der oppgåva og resultata frå undersøkinga vert presentert. Detaljert program og informasjon om dagen kjem etter kvart, men hald av dagen.

‘Windea Leibniz’ levert frå Ulstein
Offshorevindfartøyet ‘Windea Leibniz’ vart levert frå Ulstein Verft til Bernhard Schulte Offshore til avtalt tid 28. februar 2017. Skipet vart døypt i ein seremoni i Ulsteinvik i dag, og set straks kursen for vindfarmen Sandbank der det skal jobbe for Siemens.
MAFOSS gratulerer med overlevering av eit flott skip!
(SJå PDF-pressemelding nederst i saka)

Kleven bygger for slakt og frakt
Kleven har inngått kontrakt med DESS Aqua, eit joint venture-selskap eigd av Marine Harvest og Deep Sea Supply, om bygging av eit fartøy for slakting og transport av laks frå oppdrettsanlegg til prosesseringsanlegg. Båten, SALT 425 FHV-design frå Salt Ship Design, skal leverast frå Kleven Myklebust i mars 2018.
MAFOSS gratulerer med fin kontrakt!

Utviklingsprosjekt for SMB-bedrifter
GCE Blue Maritime inviterer til utviklingsprosjekt for SMB-bedrifter i den maritim klynga
I samarbeid med bedriftsutviklingsselskapet MRB gir GCE Blue Maritime eit tilbod til SMB-bedrifter som ynskjer å utvikle kompetanse i eiga bedrift, sikre konkurransekrafta og auke lønsemda.
Prosjektet er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune, og eigenandel for deltaking er 20.000,- per bedrift.
Les meir i vedlagt PDF
Kontakt for fleire detaljar:
Frank Støyva Emblem, Kommunikasjonssjef GCE Blue Maritime/ÅKP AS Tlf: 988 55 952
E-post: frank.stoyva.emblem@aakp.no
Bjørn Gjerde, Daglig leder/Partner MRB AS Tlf: 915 57 344
E-post: bg@mrb.no

Ulstein leverer
Ulstein har ferdigstilt og levert vindstøttefartøy (SK175) til Bernhard Schulte Offshore (BS Offshore) og klienten deira, Siemens.
Skipet har som ei av sine hovudoppgåver å transportere serviceteknikarar til Gemini Offshore Wind Park, 85 kilometer nord for den nederlandske provinsen Groningen og ein fem-timars tur frå land.
MAFOSS gratulerer med ferdig oppdrag og med svært gode skussmål frå nøgd kunde.

OTC Møre 28. september
I september er det igjen klart for Ocean Talent Camp Møre på Campus Ålesund.
Bedrifter frå heile fylket deltek saman med NTNU og Fagskulen for å vise fram kva utdanningsvegar, jobbar og muligheiter som finst innan ulike deler av bransjen.
Elevar frå videregåande skular på heile Sunnmøre er inviterte til å delta.
For påmelding av bedrift eller skuleklasser; les meir på OTC-sidene på nett.

3D-modellering
Kurs ved NTNU Ålesund for ansatte i medlemsbedrifter i MAFOSS eller ÅKP/GCE.
I samband med Kompetanseplanen til MAFOSS og GCE lanserer vi kurs i 3D-modellering ved NTNU i Ålesund. Kurset startar i slutten av mai og går 5 dagar. KUrsavgift kun 3500,- sidan prosjektetkostnadane i hovudsak er finansiert gjennom GCE-midlar. Les meir i vedlagte pdf.
Kursplan vinter-vår 2016
Merk oppdatert kursliste for mai og juni.