mafoss_logo_high_res.png
Menu
mafoss_logo.png

Gullmedalje til Gunvor Ulstein

Foto:
Marianne Harg, president i Tekna, delte ut Tekna sin gullmedalje til konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group 15. juni. (Foto: Tekna)
Foto: Marianne Harg, president i Tekna, delte ut Tekna sin gullmedalje til konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group 15. juni. (Foto: Tekna)
Gunvor Ulstein, konsernsjef i Ulstein Group, vart 15. juni 2013 tildelt Tekna sin Gullmedalje.

Medaljen er ei påskjøning og oppmuntring til norske leiarar eller bedrifter for ein spesiell og framståande innsats som har skapt nye moglegheiter for norske teknologar, både i Noreg og internasjonalt. Medaljen vart sist delt ut i 2008.

Gunvor Ulstein takka for tilliten ved å dele medaljen med alle tilsette i ULSTEIN:

- Saman med alle dei dyktige medarbeidarane våre har vi utvikla ULSTEIN til det det er i dag. For å halde fram denne utviklinga er det svært viktig at vi samarbeider godt med alle aktørane i klynga, slik at Noreg står fram som eit attraktivt land å vere i, også i åra som kjem.

Tekna (Teknisk-naturvitenskapelig forening) er ei fagforeining der medlemene har masterutdanning innan teknologi og naturvitskap. Tekna er den største fagforeininga i Akademikerne, som er Noregs største arbeidstakarorganisasjon for  langtidsutdanna.
 
Mafoss gratulerer!
|
Siste nytt
Myklebust leverer
Myklebust leverer
To ferger levert på to dagar! Myklebust verft leverer topp moderne miljøferger til nøgd kunde.
MAFOSS gratulerer med overlevering og vel gjennomført oppdrag.To miljøferjer levert frå Myklebust Myklebust Verft har no levert to nye plug-in hybridferjer til FosenNamsos Sjø. Kontrakten blei inngått i november 2016. Bygg 390 – Lagatun - blei overlevert torsdag 29. november og bygg 391 – Munken - i dag fredag 30. november. Begge ferjene skal settast inn i sambandet Flakk – Rørvik frå 01. januar 2019. - Med bygginga av desse fartøya har Myklebust sin stab og våre underleverandørar levert eit produkt som miljømessig har dei aller nyaste og beste løysingane, seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide i Myklebust Verft. - Ferjene vil i stor grad få all straum frå kraftige landbaserte hurtigladestasjonar som vil levere 4,5 megawatt, seier Øyvind Sandvik og Tor Inge Nordmo som har vore prosjektleiarar frå verftet. Det er Siemens si ny-utvikla batteriløysing som er valt både om bord i ferjene og til ladestasjonane på Flakk – Rørvik. I tillegg har ferjene, som er designa av Multi Maritime i Førde, moderne lav-utslepp dieselaggregat om bord. Kapasiteten er 130 personbilar og 399 passasjerar som har tilgang til ein 360 graders panoramasalong under overfarten. Mellom innovasjonane om bord er også navigasjonssystemet Autocrossing frå Rolls-Royce. Systemet bidreg til lavare energiforbruk gjennom å analysere ytre omgjevnader og sørge for best muleg energioptimal overfart. Straks veret tillet det vil ferjene sette kursen mot Trondheim. - Vi gled oss til å ta imot passasjerane om bord i Lagatun og Munken som med sine hybridløysingar vil vere utgjer eit teknologisk vendepunkt innan norsk ferjedrift, seier Adm. Direktør Grete Fuglem i FosenNamsos Sjø. FNS vann i si tid anbodskonkurransen som oppdragsgjevar ATB lyste ut for sambandet.
30.11.18 14:43
Kroner til IT-satsing
Kroner til IT-satsing
Ulstein Kommune er ei av kommunene i fylket som får støtte fra regjeringa til satsing på kompetanseheving innan programmering.
Pengane skal gå til utstyr slik at lærarar som har fått kompetanseheving og vidare utdanning innan programmering skal kunne nytte riktig utstyr når dei underviser.
Ulstein Kommune i fleire år har satsa bevisst på arbeid med koding og programmering, og er mellom dei fremste kommunene i denne satsinga pr i dag. Arbeidet og ideane får grunnskulen i Ulstein vert etter kvart også vidareført til å etablere faglinjer ved Ulstein vidaregåande skule. Dette får ein til ved at sentrale lærarkrefter i Ulstein er ansatt der for å ta arbeidet med programmering til neste nivå. MAFOSS gratulerer med støtta, og oppfordrar andre kommuner til å satse tilsvarande.  Les meir.
12.11.18 09:01
Heidra under Verftskonferansen
Heidra under Verftskonferansen
Eirik Berge Sæther fekk ei hyggeleg overrasking under verftskonferansen 2018 då han som ein av totalt to fekk skipsbyggarprisen til Norsk Industri. Svært triveleg å sjå at TAF-ingeniørane framleis vert sette pris på  i bransjen. Vi gratulerer Eirik med prisen! 
08.11.18 15:13
Meir Cruise frå Ulstein
Meir Cruise frå Ulstein
Tredje ekspedisjonscruiseskip for Ulstein ved CMHI Nyleg erklærte reiarlaget SunStone Ships den første opsjonen i INFINITY-klassen av Ulstein-designa ekspedisjonscruiseskip. Reiarlaget har no erklært opsjon nummer to. Totalt er dermed tre skip basert på designet CX103 under bygging for SunStone ved CMHI-verftet i Kina. MAFOSS gratulerer! I 2017 inngjekk SunStone Ships ein kontrakt på eitt skip og ni opsjonar på leveransar av design for ekspedisjonscruiseskip og utstyrspakkar frå Ulstein. Alle dei ti fartøya er ein del av SunStone Ships sin serie av fartøy i INFINITY-klassen. Med denne erklæringa vil dermed CMHI-verftet (China Merchants Heavy Industry) i Kina bygge tre ekspedisjonscruiseskip basert på Ulstein-design. Ulstein sin kontrakt er med verftet. SunStone Ships har signert ein langsiktig charterkontrakt med Victory Cruise Lines på dette tredje fartøyet, som vil bere namnet 'Ocean Victory'. Nybygget vil bli levert i mars 2021. SunStone sin president og konsernsjef, Niels-Erik Lund, seier: - Vi er nøgde med at skipa i INFINITY-klassen har vorte tatt inn i marknaden så raskt. Det ser ut til at europeisk design og teknologi, kombinert med lavare samla driftskostnader, har truffe blink i marknaden for denne typen skip. - Vi er svært fornøgde med arbeidet som SunStone Ships har lagt ned for å finne cruiseoperatørar til desse fartøya, og er overtydde om at dei kjem til å få realisert alle dei ti skipa i serien, seier Tore Ulstein, visekonsernsjef i Ulstein Group og leiar for forretningsområdet Design & Solutions. - Vi har eit tett samspel med dei involverte partane, og ser fram til eit vidare godt samarbeid på neste fartøy. Ulstein Design & Solutions har designa skipet, og er også ansvarleg for utstyrsleveransane, der alt hovudutstyr er basert på utprøvd teknologi og frå anerkjende europeiske produsentar. Tillberg Design USA har ansvaret for interiørdesignet, medan Makinen har oppgåva med å bygge opp alle innvendige rom. Det er ikke berre X-BOW® som gjer at skipet skil seg ut. Totalløysinga er designa for å maksimere kvalitetsopplevingane innandørs og naturopplevingane utandørs. Observasjonsdekk og balkongar gir god utsikt til naturomgjevnadene. Baren og restauranten serverer delikatessar og forfriskingar gjennom heile dagen. Fasilitetane på skipet inkluderer tre restaurantar og ein open dekksrestaurant, observasjonssalong, forelesarsalong, pianobar, treningsrom og spa-fasilitetar, bibliotek, butikkar, omkledingsområde for gummibåtekskursjonar, 20 gummibåtar, svømmebasseng, boblebad og bassengbar. Det første skipet i INFINITY-klassen, ‘Greg Mortimer’, er planlagt å bli levert i august 2019. Det skal gå i oppdrag for Aurora Cruises i Australia. Skipa i INFINITY-klassen er 104,3 meter lange og 18,4 meter breie. "Ocean Victory" vil ha overnattingsplass for 100 mannskap og 200 passasjerar. Skroget får polarklasse PC6, polarkode Cat B, med dynamisk posisjoneringssystem og såkalla ‘nullfarts-stabilisatorsystem’.
07.11.18 08:39
Kleven med ny kontrakt
Kleven med ny kontrakt
Hurtigruten vil bygge meir på Kleven. Les meir her.
MAFOSS gratulerer med veldig kjekke nyhende! 
25.10.18 12:58
Nyskapingsdagen 2018
Nyskapingsdagen 2018
Endelig er det klart!
Sett av den 30. oktober på Quality Hotel Ulstein og meld deg på i linken her. Årets tema: Digitalisering. Høgst aktuelt for fleire, vil vi tru. Arrangørane er: ÅKP, hoppid.no, Ørsta næringskontor, Kulturnæringshagen, Vanylven Utvikling, Innovasjon Norge Les forøvrig meir om hoppid sine tilbod på www.hoppid.no  
19.10.18 09:55
Nytt cruiseskip for Ulstein
Nytt cruiseskip for Ulstein
MAFOSS gratulerer!

SunStone Ships med ordre på eit nytt ekspedisjonscruiseskip frå Ulstein I 2017 kunne Ulstein Design & Solutions AS annonsere sin første design- og utstyrskontrakt på eit X-BOW-ekspedisjonscruiseskip for SunStone Ships. Denne kontrakten inkluderer også ni opsjonar, og det er den første av desse opsjonane som no har vorte erklært.Det første skipet for SunStone, som har fått namnet ‘Greg Mortimer’, er under bygging ved verftet CMHI (China Merchants Heavy Industry), og skal ut på sitt første cruise etter ferdigstillinga siste kvartal 2019. Både skip nummer ein og to er chartra av det australske selskapet Aurora Expeditions. - Vi valte Ulstein som følgje av deira skrog- og tekniske design, og at dei kan stille med prosjektteam I Kina som følgjer opp produksjonen, fortalde Niels-Erik Lund, president/konsernsjef i SunStone Ships då den første skipskontrakten vart annonsert. Han sa vidare: - Det vart svært viktig for oss at vi fekk utvikla eit høgkvalitets ekspedisjonscruiseskip med dokumentert design og teknologi. Ulstein har designa meir enn 105 fartøy med X-BOW-designet. Desse skroga er utvikla for tøffe vêr- og bølgjeforhold, med høg komfort og god drivstoffeffektivitet. - Vi er glade for at SunStone tek til å erklære opsjonane ved CMHI. Det viser at designa og løysingane våre tilfredsstiller dei forventingane dei har hatt. I tillegg til design- og utstyrspakka, skal vi følgje opp verftet med eit team på staden. Dette inkluderer prekommisjonering og kommisjonering, testing og prøvetur-assistanse. Når desse SunStone-skipa vert klare for å dra på cruise, trur vi dei vil vere svært attraktive for ekspedisjonscruise-passasjerane, seier Tore Ulstein, som er visekonsernsjef i Ulstein Group og leiar av området Design & Solutions. Ulstein sin kontrakt er med China Merchants Group (CMG) i Kina, og skipa vil bli bygde ved deira verft. Skip nummer to er planlagt for levering i august 2020. Ulstein er ansvarleg for leveringa av design- og ustyrspakka, der alt hovudutstyr er basert på utprøvd teknologi og frå anerkjende europeiske produsentar. Ekspedisjonscruiseskipa er dei første av sitt slag der ULSTEIN X-BOW®-skrogdesignet er integrert. X-BOW-utforminga gjer at passasjerane kan stå framme i baugen og sjå rett på bølgjene der dei treffer skroget. Baugen fører til reduserte rørsler i skipet og med det eit meir komfortabelt opphald. X-BOW har ei avsmalnande forskipsutforming som trengjer seg fram i store og små bølgjer, noko som reduserer stamping og slag i røff sjø. Det hindrar skipet i å stige på bølgjene for så å falle hardt ned på vassoverflata. Skipet treng mindre drivstoff til å kutte seg gjennom bølgjene, noko som reduserer drivstoffkostnader og energibruk, og dermed reduserer utslepp. Det er ikkje berre X-BOW® som gjer at desse skipa skil seg ut. Skipa si totalløysing er designa for å maksimere kvalitetsopplevingane innandørs og naturopplevingane utandørs. Observasjonsdekk og balkongar gir høve til å ta inn over seg dei spektakulære omgjevnadene medan ein framleis oppheld seg om bord. Ein høgstandard-restaurant og bar serverer mat og forfriskningar. Ekspedisjonscruiseskipa av typen ULSTEIN CX103 er 104,3 meter lange og med ei breidde på 18,4 meter. SunStone-skipa er ein del av deira Infinity Class, der passasjerkapasiteten varierer mellom 130 til 200, og mannskapskapasiteten frå 85 til 115. Skoget får polarklasse PC6, kategori B, med dynamisk posisjoneringssystem og såkalla ‘nullfarts-stabilisatorsystem’.  
05.10.18 15:49
Ny Klevensjef
Ny Klevensjef
Olav Nakken (54) er ny administrerande direktør ved Kleven Verft AS.Olav Nakken (54) er ny administrerande direktør ved Kleven Verft AS. Nakken er utdanna skipsingeniør frå NTNU og har over 25 års erfaring innan maritim sektor i inn- og utland, spesielt innan  bygging av passasjer- og cruiseskip. Den nye Kleven-direktøren har blant anna vore ansvarleg for klassifiseringsverksemda av nybygde cruise- og passasjerskip i Det norske veritas (DNV), og har leia drifta av fire verft i Aker Yards. Det siste året har han vore prosjektdirektør for Hurtigruten sin nybyggorganisasjon. - Vi er veldig glade for å få på plass Olav som ny administrerande direktør ved Kleven verft. Han har ein unik og brei bakgrunn frå bygging av cruise- og passasjerskip, og tung internasjonal erfaring frå verftsbransjen. Det gir han eit perfekt utgangspunkt for å posisjonere Kleven i eit viktig vekstsegment, og rigge verftet for nye kontraktar i åra som kjem, seier styreleiar Ørjan Svanevik i Kleven. Den nye direktøren vart presentert under eit allmøte måndag formiddag. - Kleven har ein heilt spesiell posisjon, med ein kombinasjon av stolte tradisjonar, moderne teknologi og unik kompetanse. Eg kjenner både verftet og organisasjonen, og ser kor store moglegheiter som finnast for å sikre verftet meir arbeid i åra framover, seier Nakken. Karsten Sævik, som har leia Kleven gjennom den siste omstruktureringsperioden, vil i ei overgangsperiode vere tilgjengeleg for rådgiving for verftet. - Styret ynskjer ei tettare oppfylging av verftet, og ynskjer difor ein administrerande direktør som vi har hatt ein lengre relasjon til og jobba med over tid, seier Svanevik. - Styret ynskjer å takke Karsten for jobben han har gjort på Kleven, og set pris på at han er tilgjengeleg for oss også ei periode framover, seier Svanevik. Kleven byggjer for tida verdas to fyrste hybriddrevne ekspedisjonscruiseskip for Hurtigruten. Det fyrste av dei to skipa skal leverast som avtalt tidleg i 2019, og etter eit omfattande testprogram segle sin fyrste tur i byrjinga av mai.
01.10.18 13:03
Ulstein satsar på fisk
Ulstein satsar på fisk
Overfører kunnskap og kompetanse frå offshore til fiskeri.Berekraftig fiskeri med nye trålarar Ulstein lanserer ein ny serie med fisketrålarar med framtidsretta skipsløysingar for meir berekraftig framdrift, fangst og prosessering. Ved å overføre kunnskap, erfaring og innovasjonskraft frå offshore til fiskeri ønskjer ein å bidra til å utvikle nye løysingar. Målet er blant anna meir skånsam handtering av fisken og introduksjon av miljøsparande skipsløysingar. Sjå film på nettsida Ulstein Group har lang tradisjon for å samarbeide med ulike miljø for å utvikle nye og innovative skipsdesign og løysingar. På dette prosjektet har Ulstein samarbeida tett med Nordic wildfish, eit reiarlag som har like lang fartstid som Ulstein, etablert i 1917. Serien er basert på erfaringar hausta gjennom feltstudiar og avanserte analysar. Dei unike designa, med optimale kapasitetar i forhold til kvotar for effektivt og lønsamt fiskeri, vil gje betydeleg forbetra verktøy for trålfiske. - Nordic wildfish har solid erfaring med trålfiske og utprøving av nye metodar for fiskeri og marknad. Vi har begge tradisjon for å tenke nytt og utfordre det eksisterande. Gjennom dette prosjektet har vi saman utvikla betre og meir framtidsretta løysingar for kvalitet og berekraft i trålfiske, fortel Tore Ulstein, COO i Ulstein Design & Solutions og styreleiar i Ulstein Group. - Vi er ferd med å realisere visjonane og løysningane vi har jobba målretta med under arbeidsnamnet EcoFive® (Eco-friendly fishing vessel). Ulstein sin trålarserie vil vere tilrettelagt for å implementere løysningar for skånsam fangst, effektiv prosessering og hydrolysering av ferske restråstoff. Dette vil gje betydeleg auka berekraft i trålfiske, med betre kvalitet, høgare effektivitet, meir inntening og mindre miljøavtrykk, seier CEO i Nordic wildfish, Tore Roaldsnes. X-BOW®-plattform for kyst og hav Trålarserien vil famne både kyst og hav og vil nytte Ulstein sin X-BOW®-plattform. Med X-BOW endrast den tradisjonelle utforminga av arrangementet på trålfartøy og opnar for betre plassering av mannskap, fabrikk og last. Fabrikken vert plassert over to dekk og all lugarkapasitet vert samla sentralt i skipet. På grunn av X-BOW-skroglinja får ein utnytte forskipet meir effektivt. Skip med X-BOW har også mindre vibrasjonar og stamperørsle, dette betrar arbeidsmiljøet om bord og reduserer støy i sjøen. Driftssikre og miljøsparande løysingar Ulstein har også implementert det siste innan teknologi som betrar yting og reduserer miljøbelastninga. Skipa i serien har eit effektivt hybridanlegg som kan kombinere batteri med dieselelektrisk og dieselmekanisk framdrift. Dette vil gjere fartøya svært drivstoffgjerrige, og meir stillegåande, slik at dei vil tilfredsstille krava i DNV-GL sin SILENT-notasjon. Skrogforma X-BOW aukar lastkapasitet, operabilitet, minskar bevegelsar og reduserer dermed slitasje på skrog og utstyr, samt at den reduserer forbruk av drivstoff. Om selskapa: Nordic wildfish har hovudkontor på Valderøya. Selskapet er ein innovatør i fiskeindustrien, og er fokusert på berekraftig fangst og miljøvenleg produksjon. Ulstein Group har hovudkontor i Ulsteinvik, og har aktivitet innan skipsdesign, skipsbygging, system og løysingar for den maritime marknaden.   Kontaktar:
COO Design & Solutions, Tore Ulstein, Ulstein Group: tlf 7000 8000 / e-post: tore.ulstein@ulstein.com Salssjef Lars Ståle Skoge, Ulstein Design & Solutions AS, tlf 915 81 226 / e-post: lars.skoge@ulstein.com CEO Tore Roaldsnes, Nordic wildfish, tlf 915 97 280 / e-post: thr@nordicwildfish.no  
24.08.18 09:24
Rolls-Royce vert Kongsberg
Rolls-Royce vert Kongsberg
Fredag 6. juli vart det offisielt at Kongsberg kjøper Rolls-Royce sin marine del. Unntatt i dette oppkjøpet i denne omgang er Bergen Engines.  MAFOSS trur at oppkjøpet vil styrke og gi rom for vidare utvikling av ein produktportefølge og spissa toppkompetanse som selskapa samla representerer i dag. Rolls-Royce er oppe i omfattande prosessar med effektivisering og omstilling, og vil kjøre desse prosessane vidare fram mot overtaking neste år. Kongsberg får såleis servert ei topp spissa og skjerpa bedrift når dei tek over. MAFOSS trur at Kongsberg, som norsk industriell eigar med god innsikt i det omfattande arbeidet maritim klynge framleis representerer, vil sjå verdien av å ha sentrale delar av si framtidige satsing plassert i regionen som representerer essensen av den maritime klynga. Trua på at vi skal halde på med satsing på maritime produkt av høg klasse i vår region er ikkje blitt mindre av at staten som største aksjonær i Kongsberg også garanterer for oppkjøpet med rein kapital. Vi synest at intervjuet med toppsjefen i Kongsberg, Geir Håøy, gir grunn til å glede seg til vidare satsing, og vi ønsker lukke til med overgang og ferdigstilling av salg.
Les meir om kva konsernsjefen seier her.
09.07.18 10:46

gå til arkiv